• Targeir Attestog

Presentasjon av Vassgard på Spillkonventet

Spelgarden har blitt plukka ut til å presentere prosjektet Vassgard på scena. Dette vil bli første gong at selskapet presenterer den nye visuelle stilen som er utvikla av illustratøren Maria Steffensen fra Askim.


Her er nokre smakebitar:





Årid Istjønn er hovudkarakteren i mesteparten av Vassgard-spel. Ho er etteretningsoffiser i Republikken Søreg, og har bakgrunn som gravejournalist i Ljoslo.

Illustratør: Maria Steffensen





Dagny Monen er hovudpersonen i prologen til Vassgard, som skal kome ut nokre månader før hovudspelet. Dagny er elev på Rugland vidaregåande skule, med spesialisering innan idrett.

Årid får nokre år seinare i oppdrag å finne ut av bakgrunnen for eit overnaturleg mysterium knytt til Dagny og kjærasten hennar.

Illustratør: Maria Steffensen



For å samle Søreg i den nye republikken, må Årid forhandle med ulike fylkeshovdingar på jarlerikesida. Ei av dei er hovdinginne Oline Himmelsprang av Botnaland, som også er romfartsingeniør på Ny-Snarvik månebase.

Illustratør: Maria Steffensen