Personvernerklæring

Kven vi er

Vår nettstadadresse er spelgarden.com.

Kontaktskjema

Vi bruker kontaktskjema på denne nettstaden for å gjere det lettare for brukarar å ta kontakt. Viss du tek i bruk kontaktskjemaet vårt, vil vi kunne bruke din informasjon for å sende svar tilbake.

Informasjonskapslar

Når du opnar nettstaden vår, blir anonyme informasjonskapslar brukt som hjelp for å vise fram innhaldet som du ønskjer å sjå på. Nettstaden er bygd med Wix, som også driftar nettstaden. Personvernerklæringa til Wix er å finne her:

https://no.wix.com/about/privacy

Det kan bli samla inn anonym informasjon av Spelgarden AS med Google Analytics for å kartleggje korleis nettstaden blir brukt og kor mange som besøker den. Les meir om Google Analytics her:
https://developers.google.com/analytics/devguides/collection/analyticsjs/cookie-usage

Innebygd innhald frå andre nettstadar

Sider på denne nettstaden kan inkludere innebygd innhald (til dømes videoar, bilete og artiklar). Innebygd innhald frå andre nettstadar oppfører seg akkurat som om brukaren besøker nettstaden som det innebygde innhaldet kjem frå.

Desse nettstadane kan samle inn opplysningar om deg, bruke informasjonskapslar eller byggje inn sporingssystem frå ein tredjepart og overvake det du gjer gjennom dette innebygde innhaldet. 

Nyheitsbrev, e-post og telefon

Informasjon om nyheitsbrev kjem her når det er oppretta.

Spelgarden bruker Gmail hos Wix som e-postløysing. E-postkommunikasjon er ukryptert.

E-postmeldingar kan bli lagra på ubestemt tid for å gjer det lettare å kunne sjå historiske samanhengar i kunde- og leverandørkommunikasjon. 

Telefonsamtalar går føre seg på privat telefon. Det blir ikkje gjort systematisk registrering av telefonsamtalar, men telefonnummer kan bli lagra med namn på kontaktperson for å gjere kommunikasjonen lettare.

Kontaktinformasjon

Du kan kontakte oss på e-post gjennom post @ spelgarden.com.

E-post:

post @ spelgarden.com

Nyheitsbrev kjem snart...

© 2020 Spelgarden AS

  • Facebook Social Ikon
  • Twitter
  • Instagram